Kontaktinformasjon og tenester
Kontaktperson Tove Kristin Sleire Tistel
Sleirsvg.577
Litle Sleire 9.2
5986 HOSTELAND
tkstistel@gmail.com
tlf.91 33 88 61
Litle Sleire 9.2 ligg
idyllisk til ved Sleirsvatnet på
Sleire i Masfjorden kommune. Her har det truleg budd folk sidan 15oo tallet!
Litle Sleire 9.2 vart godkjendt som Inn På Tunet gard i juli 2015
og tilbyr tilrettelagde dagtilbod for ulike brukarar. Garden kan vera ein opplæringarena for born og unge med vekt på fysisk aktivitet og praktisk tilnærming, med ynskje om mestring og meining i oppgåvene. Me har erfaring
med - og kan tilby dagtilbod for mennesker som treng ein meiningsfullt kvardag med vekt på naturens årshjul,fysisk aktivitet, stjernestunder og livskvalitet. Her er me oppteken av enkeltperson og ikkje produksjon - brukarane kjem tett på
seg sjølv, er nær naturen og dyra om dei ynskjer det.
Me er fleksible og organiserar skyss etter avtale.
Brukare som har nytta seg av dagtilbod : skuleelevar med individuell Opplæringsplan(IOP), Skuleklassar og barnehagar på heile aktivitetsdagar, brukare som har budd heime med demenssjukdom.
Tilbakemeldingar: " fantastiske dagar på ein idyllisk stad..."
" tida gjekk altfor fort, men det var so kjekt.."
" det er godt å skifte stove, å vere her er triveleg.."
" kortid kan eg få komme att ?..."
" her er sjel og ro, her vil eg gjerne komme att..!"
Litle Sleire 9.2 er oppteken av å bruke garden som ressurs
og tilbyr ulike produktar for salg;
* Ved ( bjørk og blandingsved) i sekker på 80 liter kr. 90.-/sekk
- eigne prisar for tilkøyring, ta kontakt pr tlf.48114898
* Flotte saueskinn i mange fargar/nyanser
* Ubehandla ullgarn av spælsau
* Karda ull for toving
* Diverse strikkaprodukt - huer, pulsvarmare, gensere, puter, votter mm - sjå utstilling hjå Atelier Treskhuset på Store Sleire og på Sandneskafeen, Masfjordnes
* Heimelaga flatbrød - sprøe og gode
* "mormors kransekake" - handkverna mandlar ... " fantastisk god!"
Kva med naturdekorasjonar og pynting til arrangement
om du vil ha preg av historie, lokal kultur og lokale vekstar ? - ta kontakt for nærare info og avtale.