Inn På Tunet er tilrettelagde og kvalitetssikrede velferdstilbod på gardsbruk i henhald til Matmerk sin gjeldande godkjenningstandard.

Dette går på helse, miljø og sikkerheit, etikk og menneskeverd.

Tilbodet på Litle Sleire 9.2 skal gje meining og livskvalitet for deltakarane, der det er fokus på det positive, meistring, sosialt samvær, struktur og forutsigbarhet, trygge rammer, fysisk aktivitet og friskt luft.

Aktivitetane i tenestetilbodet er knytt opp til garden, livet og arbeidet tett på natur og dyr, dei er tilpassa årstider og den enkelte sitt funksjonsnivå. Området rundt har gode turmuligheiter.

Aktivitetar

  • Stell og omsorg for dyra på garden
  • Dyrking av grønnsaker og bær, såing og innhausting
  • Utemåltid
  • Arbeid i skogen, hogge ved, gjerding
  • Snekring, vøling
  • Tur og utflukter i naturen, fjell og fjøre
  • Natursti
  • Ut på vatnet i kano eller båt – fiske
  • Arbeid med råstoff som ull, egg, fisk og kjøtt
  • Tradisjonsmatlaging – flatbrød, potekake, lefser
  • Gardsmuseum – historie - kulturminne

Litle Sleire 9.2 har gjerne akkurat det tilbodet de er på jakt etter? Ta kontakt for spørsmål, me er oppteken av fleksibilitet og løysningar der brukar står i sentrum.

Tett på naturen