Blåtur ?

Ynskjer du blåtur med vennelag eller jobben?

Me organiserar gjerne dette for deg, der friluftsliv, aktivitet og moro står på programmet. Me brukar området på garden og kan organisere måltid ute eller tilkøyrt frå samarbeidspartnare som Frøyset Gardsmat om de ynskjer det.

Vår, sommar og haust kan setra Kjellsbu vere eit flott turmål, med aktivitetar i området der.

Hinderløype og gardsleikar er stikkord, saman med mestring- lagbygging og samhald!

ta kontakt for meir info - me organiserar gjerne dette og høyrer frå dikka!

Høgtid og tradisjon

Kvart år vert det arangert Julekråna i tunet.

Her er det Open gard med fokus på kultur, historie, sosialt samvær og tradisjon.

Vel 100 mennesker er innom denne dagen, med små og store.

Sveler, kakao og kaffi går unna, saman med prat og latter, leik og aktivitetar.

Dyra får ekstra mykje kos og godord frå mange denne dagen og er veldig mette når kvelden kjem.

I julekråna får ein høve til å kjøpe kortreiste produkt, som hekla vakre bruksting, gode strikkaplagg og vakre dekorasjonar og kransar laga av alt som vert sanka igjennom hausten.

Litt julekaker og snop kan ein og få tak i - saman med ein god historie eller to

På låven er det eventyrstund og nissen er innom før alle går heim til sitt.

Julekråna

6. des, 2015

Julekråna

Første sundag i desember hadde me besøk av venner, familie og naboer i tunet.
Kristine,Maria Bertine & Andrine steikte sveler og koka kaffi til alle gjestane. Det vart servert i nye garasjen, der Julekråna fann stad - med gamle bruksting frå garden, sitjeplassar, juletre, lys og ustillingar, samt ein lita handlekrok med juledekorasjonar,saueskinn, ullgarn, handarbeid, kaker, flatbrød og potelefse. Vel 60 små og store fann vegen i tunet vårt og det vart trivelege timar. Me fekk presentere Inn På Tunet tilbodet vårt og viste fram brosjyren vår som er ny. Fleire nytta høve til å helse på spælsauene i floren - kos og klapp likar dei og værlammet Krølle fekk mykje merksemd. Kaninen Sigurd gjekk frå arm til arm og hannkatten Erling naut stunda med mykje klapp og småprat. Nokon av gjestane tok turen i Vassbotn og let vel over det.
Tilbakemeldingane var so gode - so dette vil me prøva att!