Gode produkter frå Litle Sleire 9.2
Å bruke garden som ressurs er for oss viktig og verdifullt. Samstundes er det verdiskaping for landbruket, lokalsamfunnet og kommunen vår. Å nytte eigne ressursar og bidra til kortreiste produkter er med på å fremje landbruk, små næringar og busetting i lokalsamfunn.
Ved å handle lokalt og nytte lokale tenester er ein og med på å stø opp om verdiskapinga.
Ta ein titt på produktene me tilbyr og ta gjerne kontakt ved spørsmål om produkta.
Spælsau har me hatt på garden sidan 2008 og me har hatt Sleirsull sidan 2011. Ullgarnet er resultatet av at all ulla som vert levert frå oss, vert blanda hjå Hillesvåg -difor den fine brunfargen. Hillesvåg vaskar, karrer og spinner garnet før me får det attende i bunter.
Ullkvaliteten er godt egnet for husflidsformål.Garnet er særs slitesterk, har god spenst, glans og tover lett. Plagg og tekstiler av norsk ull har lang levetid og kan inngå i eit meir bærekraftig forbruk. Det kan nyttast til mange strikkaplagg og fleire har strikka seg genser av Sleirsull. Mange meldar tilbake att dei likar garnet og det unike med kortreiste produkter, frå lokale sauer - farga spælsau.
Tove Kristin spinner litt sjølv heime og kan levere ferdige produkter i heimespunnet garn ved interesse.
-
Flotte saueskinn frå farga spælsau tilsals frå kr.1500.-
spælsauskinn
store 1750.- /1800.-
små 1500.-
Opptil 30 cm lange fibre - Vedlikehald: Håndvask
Anbefalt å ta dei ut om vinteren ved kulde - reingjere i snøen - luftturke
kan gre dei varsamt med ein grov kam -start ytterst og kjemm deg innover.. -
Flotte saueskinn frå farga spælsau tilsals frå kr.1650.-
Besøk oss i tunet og ta ein titt på dei flotte skinna.
-
Sleirsull - heilt naturleg
spælsaugarn frå sauene på Litle Sleire 9.2
klyppa tå mangeårig norgesmeister, vaska/kara/spunne på Hillesvågen. 2 tråds ullgarn
ullvask
ekstra varm, klør ikkje
mjukare etter 1 vask
Pris kr.125.- pr bunt a'100 gram
Garnet kan kjøpast direkte frå oss, på Sandneskafeen, hjå tekstilstova Mastrevik Torg eller hjå Atelier Treskhuset.
Eit "vakkert" garn ( sitat kunde) -
Sleirspledd - heimespøta
Sleirspleddet varmar ekstra godt og har gleda mange alt.
Det kan bestillast på garden i den storleik du ynskjer.
Det er ikkje storleik som er avgjerande på varmen! Dette pleddet er i str. 100 x 185 cm og er strikka i rillestrikk, men mønsterinnslag og hekla kant ytterst
Sleirspledd i denne storleiken kr. 1200.-
-
Ved tilsals i 80 liter sekker
Me sel turr og god ved i 80 liter sekker
90.-/sekk om du henter dei sjølv . Levering eigne prisar
Masfjorden/Gulen
Bjørk, blandingsved
Leverer og hengarlass etter nærare avtale -
Kransekake
Mormors kransekake
kan bestillast
pris et avtale
kontakt for tema pynting
Kransekaka er laga av handkverna mandlar, melis, eggekviter( egg frå garden), kveitemjøl, edikk ( i glasuren)