Historie


Gamle skrivemåter: 1519 Sliren,
1610/11 vart det skilt mellom Sleirsgardane, Storeslire og Lille Slire. Slidre lille og Slidre store var namn som kom seinare, medan bygdeuttalen var Sleire. Folk som var fødde på garden skreiv seg for Sleire.

På garden Litle Sleire 9.2 har det vore busetting sidan 1500 talet
Fleire på Litle Sleire heitte Mons (frå ca.1650). Den siste eigar med namnet Mons, var oldefar til Tove Kristin, Mons Ludvigson L.Sleire ( f.1900). Garden Litle Sleire 9.2 er utskilt frå  9.1.

Tove Kristin er 6 generasjon i slektsledd på garden Litle Sleire 9.2, der tipp tipp oldefaren Mons f.1836 ( på gard nr.9.1) busette seg kring 1871
Våningshuset på garden er modernisert og påbygd igjennom åra. Største endringa kom i slutten av 1950 då Kjell M.Sleire utvida og bygde på med ark. Han og kona, Jofrid Sleire fekk 8 born i perioden 1950 til 1966 og trengte plassen.

Den eldste delen er truleg fleire hundreår gamal. Det var truleg eit klyngetun i nordste del av tunet som kom etter første busetting. Frå 2004 vart våningshuset rehabilitert og det vart tatt ein utvendig isolering med ny kledning på heile huset. Dette for å bevare mest mogleg av tømmeret innvendig- å få det synleg. Tømmeret vart vaska grundig med grønnsåpe og framstår idag veldig pent. idag er stort sett alle vindu bytte til ordinære gamle vindu med gjennomgåande sprossar ( frekhaugsvindu). Nytt tak kom seinare og skifer vart bytt med Decra pga vekt og standard på takbjelkar. Den gamle skiferen skal delvis nytta i tunet til andre prosjekt.