Våre kjære spælsauer er på sommer beite

Kos med spælsauværen Bertil. Gode gener på denne karen og'. Både mor hans og mormora har vore særs tillitsfulle og greie sauer.

Kvar veke får dei tilsyn og gleda er stor når me treffast. Kjekt å sjå dei, prate litt, klø litt og kose. Ullfellen skin i fjellet og det er lita tvil om at sauene har det godt der dei går.

 

  • Gamle ting

    På garden har me fleire eldre gjenstandar som har vore på garden i lang tid. Interessa vår er stor for det gamle og den betydnaden dei har hatt i sin tid for sine gjeremål.
    Har du eldre ting som du gjerne vil ta vare på, men ikkje lenger finn plass til dei-so ta kontakt med oss.
    Me er interessert i gjenstander som har hatt sin funksjon i gardslivet knytt til mat, handtverk, arbeid og tradisjon.

  • Natur dekorasjonar

    Tove Kristin samlar på mykje og er veldig glad i å lage noko av det ho finn og samlar på. Alt kan nyttast og komme til glede! Naturen har alt å by på og enkle dekorasjonar tå greiner, mose og einer er favorittaktivitet. Er du interessert i noko av dette, så ta gjerne kontakt.
    Hjarte av bjørk er ei populær gåve.

Setra i Myrdalen - Kjellsbu laurdag 11 juni 2016

Blømingstid - turke og sol
juni 2016

SAUESKINN & LAMMESKINN  

Flotte gåver til deg sjølv eller nokon du er gild av!

Er du på jakt etter ein spesiell julegåve, har du ein jubilant å feire som du vil gje noko varmt og flott, eller vil du gje neste års konfirmant ein heilt spesiell gåve?

Saueskinn frå farga spælsau er flotte gåver og vil garantert varme og glede i lang tid!

Me har saueskinn og lammeskinn tilsals ved bestilling. Ta kontakt ved spørsmål og interesse!

 

Flotte saueskinn og lammeskinn tilsals
Frå spælsau her på garden
Ta kontakt ved interesse

Inn På Tunet

Litle Sleire 9.2 er godkjendt Inn På Tunet gard og har sidan 2013 hatt dagtilbod for fleire brukare. Her har brukare trivelege, innhaldsrike og meiningsfulle dagar der dei opplever stor grad av mestring og stjernestunder. Med garden som ressurs tilrettelegg me for alternativ opplæringarena til born og unge - der naturens eige årshjul er i fokus. Eleven får eigarskap til arbeidet der dei i stor grad påverkar og utførar oppgåver og utfordringar som gjev meining og mestring.

Dagtilbod for menneske med demenssjukdom -minnesvikt, har fokus på fysisk aktivitet,kultur og tradisjon. Dagen legg til rette for aktivitetar tett på dyr, naturen rundt oss, knytt til lokalhistorie og sosialt samvær med mat og drikke .

Måltida er ofte ute, der me nyt god mat, i skogen, i gapahuken på den etablerte leirplassen, i hagen eller i Vassbotn ved Sleirsvatnet.

 

Er du/ de interessert i å vite meir om Inn På Tunet tenester - ta gjerne kontakt med oss.

 

 

 

Spælsau garn tilsals i bunt på ca.100 gram.
Fleirfarga, totråds ubehandla garn frå Litle Sleire 9.2. Garnet er godt til lestar ( sokkar), tepper, tova-produkter, men varmer godt til genser ( Dorthe Skappel genser) og ullbukser. Berre prøv! Er og å få kjøpt hjå Karina design på Hosteland og i nærbutikken på Sandnes!