Førjulstradisjon på Sleire

HVelkommen 

Inn På Tunet 

 ” Julekråna”

laurdag 28.november frå kl.13.00 - 16.30

 Tradisjon , kultur, historie, triveleg møteplass!

Velkommen til Julekråna på garden Litle Sleire gard 9 bruk 2- Sleirsvegen 577.

Open gard - møt dyra. Farga spælsau- tamme og trivelege, hønene frå Radøy - Erna, Siv, Trine og våre "heimeklekka": Hanen Fraiser og høna Doris. Ellers er kattane og hundane her og me håpar på ridning på garden med besøk frå Stall Brosvik iår og. Opplev små gleder og inspirasjon i tunet, her får kreativitet og fantasi fritt spelerom.

Samling av gamle gjenstander, natursti, julemusikk, sal av kortreist og ureist gåver, lefser og julegodt, sal av juletre, kransar, dekorasjoner, Sleirsull, heklerier, lys, spælsauskin mm

Utstilling i løa av gamle ting, juleutstilling i julekråna. Sal av sveler, kaffi, gløgg og kakao

Natursti- tur i Vassbotn eller i Brekkene- quiz

Tunet er tilrettelagd for rullestol

<3 Velkommen til oss!

Helsing frå Tove Kristin,Vidar & jentene

 

 

VIPPS 91338861 mrk Julekråna: vaksne kr. 50.- born tom 16 år er gratis

I henhald til retningslinjer kring korona-Covid-19 vert det utplassert handsprit ved inngang tunet og fleire andre stader- bruk desse og kom ein anna dag om du er forkjøla, snufsen eller ikkje i form. Hald avstand og tenk tryggheit, då får me gjennomført arrangementet på ein grei måte.